Et lite nydelig et

Julebord i enkeltmannsforetaket

Bedrifta var samla,
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
og sjefen var meg.

Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las eit dikt,
då kosa eg meg.

Sjefen heldt tale,
og skryten fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.

Etter desserten gjekk eg frå bordet,
og drog med meg sjefen inn på kontoret.
Eg såg meg i augo, kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte, det er slikt han vil høyra.

Eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
og fekk sjefen til sengs

(Jon Hjørnevik; “I en sofa frå Korea” 2001)

Arkiv